Vits nr. 1:
Så var det ein gong da det skulle speles fotballkamp mellom Hødd og eit anna lokalt lag. Dei som kjenner til Høddvold stadion veit at det er ein nokså stor og god grop like ved sidelinja og om ein er god til å takle, kan ein i beste fall få ein til å snuble ned i gropa.

Så var det da ein kamp da ein Hødd-spelar hadde sett seg ut ein motspelar som skulle taklast. Og det var neppe tilfeldig at det var nettopp denne spelaren han hadde sett seg ut. Han var nemleg en odelsgut frå Volda og dei som kjenner til lokalfeidane på Møre veit at folk frå Ulsteinvik ikkje har den store medkjensla med odelsgutar, og spesielt da ikkje med dei frå Volda.

Kampen hadde vore spilt i omtrent førti minutt da odelsguten hadde motteke ballen like ved sidelinja og da kom Høddspelaren med ein snøggleik få har sett og sklitakla rett i beina på han og den stakkars Volda-guten flaug som ein skadeskutt alke ned i gropa.

Dei andre spelarane sprang bort for å se korleis det heile hadde gått til.

"Hent doktor'n! Hent doktor'n!" ropte ein av dei.

Endeleg kom doktoren og han så kvikt at dette ikkje var bra. Og han skreik:

"Hent presten! Hent presten!"



Vits nr. 2:
Eg var litt tørst ein dag, så eg drakk litt av høyrebacken.
Gabriels Komi-Hjørne
Spørsmål og henvendelser angående web-siden rettes til web-ansvarlig på:
Telefon: 45 27 72 13
E-post: vsf_fc@hotmail.com